Fleire bilder frå konkurranse og tur klassene er lagt ut i dag.

Klikk på billedgalleri og gå inn og sjå på dei flotte bildene idrettslaget har fått oversendt av gode hjelparar :)

TAPT OG FUNNET

Det er funne eit kamera i forbindelse med Stadlandet Rett Vest arr. sist laurdag.
Var du deltaker, frivillig eller publikum på arr.og ikkje finn at kameraet ditt? så ta ein tlf. til
Margareth på mobil 90 66 50 29 så får du det tilbake :)

BILDER FRÅ ÅRETS LØP

Det er lagt ut bilder frå årets løp under billedgalleri klikk på bildet du vil sjå så kjem det fram fleire i eit album !

TAKK TIL ALLE SOM KOM OG DELTOK PÅ STADLANDET RETT VEST I ÅR

Som arr. har vi hatt ei stor utfordring med årets løp. Det har vore god førehandspåmelding, men veiret har spelt oss eit lite spik i dag.Vi har hatt 4 årstider på ein og same dag!!
Snøstorm, sol og stilt fint veir, samt sluddbyger og kaldt , men heldigvis lite vind.
Vi vil takke alle som kom og deltok i løpet i år, utan dykk hadde det ikkje blitt noko løp!
Det hadde heller ikkje blitt noko arr. dersom ikkje arbeidsgruppa sine medlemmer som har planlagt arr. i gjennom vinteren hadde gjort jobben sin. Takk til, Frode, Kjell, Gjørgine, Ragna og Ann Chatrrin.
Vidare vil IL. takke dei på tidtaking og kjøkkenet som har jobba jamt i heile dag. Vel blåst :)
Tidene blir lagt ut om kort tid under resultater.

STADLANDET RETT VEST GÅR I ORDINÆR LØYPE LAURDAG 5.MAI

VEIRVARSEL FOR STADT I DAG LAURDAG 5.MAI:
SOL OG BLÅ HIMMEL. INGEN VIND PÅ STADT I DAG!
VI HAR FÅTT EIT LETT DRYSS AV SNØ I MORGENTIMANE MEN DENNE VIL SMELTE VEKK I LØPET AV KORT TID.
FINT VEIR FOR TUR.
HUSK SOLBRILLER.
ALLE VELKOMMEN TIL Å DELTA PÅ ÅRETS STADLANDET RETT VEST 2012 :)

PÅMELDING TIL ÅRETS LØP

For idrettslaget som arr. er det kjekt å sjå at påmeldingane er begynt å kome inn. Meld deg gjerne på via vår elektroniske skjema under fana PÅMELDING oppe på denne sida. Vi kan melde om nesten ikkje snø i løypetraseen - så alt ser fint ut no framover til den 5. mai. idrettslaget håper på at mange vil ta steget å stille i konkurranse klassene i år !

Salg av Stadlandet Rett Vest T skjorter

T skjorter med trykk Stadlandet Rett Vest blir for salg i målområdet også i år.
Vi selger T skjortene til ein fam. vennlig pris :)

Utvida kiosk tilbud i år under arrangementet i målområdet

I år vil det bli utvida varm mat i målområdet ved skulen i Ervik.
Fantastiske heimelaga vårruller blir eit positivt supplement for dei som ynskjer å kjøpe seg mat og drikke under årets Stadlandet Rett Vest. Kiosken opnar kl. 12.00 og er open til arr. er slutt.
Sjølv om du ikkje deltek i sjølve løpet er du velkommen ut som publikum for å ta i mot løparane :)

SALGSBOD MED SPORTSKLE OG SKO I MÅLOMRÅDET TIL STADLANDET RETT VEST 2012

Også i år vil Selje Sport og Fritid med Jan Petter Venøy vere tilstades under løpet med salgsbod med gode priser til dei som treng seg nye sko eller som ynskjer å kjøpe sportskle av god kvalitet. De vil finne han i målområdet i Ervika.

PÅMELDING STADLANDET RETT VEST 2012

Det er i dag opna for elektronisk påmelding til årets Stadlandet Rett Vest.
Klikk på fana PÅMELDING oppe på denne siden og fyll ut standard påmeldingskjema.
Velkommen til å delta.

BLIR DET NY ÅRSBESTE LØYPETID OGSÅ I 2012?

Under fjorårets arrangement vart det registrert ny bestetid for alle klasser med den veldig sterke tida 00.59.01
Der vinnaren var Ola Hovdenak, frå Skåla IL.
Ei imponerande tid men vil denne bli ståande som beste tid etter året`s løp? Det blir spennande å fylgje med å sjå om tida kan bli forbetra i år eller om tida til Hovdenak blir ståande.
Vi ser fram til ein tett kamp i fleire av klassene og gler oss over alle som deltek.

2012 - STADLANDET RETT VEST LAURDAG 5. MAI

Stadlandet idrettslag arr. i 2012 for 7. gang fjelltrimløpet Stadlandet Rett Vest :) Løpet går laurdag 5. mai

I 2011 arr. vi løpet i august men etter ei samla vurdering har vi no flytta løpet tilbake til våren på Stadt!
Likevel vi har lagt arr. dato litt seinare en det som har vore vanleg under tidlegare arrangerte løp. Løpet vil gå i den opprinnelige trasen frå Dragseidet til Ervik på Ytre Stadlandet.

På denne sida vil det fortløpande kome ut meir informasjon om løpet fristar for påmelding osv. Så følg med :)

Mange fine premier - Pengepremier

Også i år er det pengepremie for eventuelt ny løyperekord for dame og herre i konkurranse. Premien er kr. 2000,- Er det ingen som slår rekorden akkumulerer pengepremien seg til neste år :-) Pengepremie også til de tre beste i dame og herreklassen. Kr. 1000,- kr. 500 og kr. 250,- Hovedpremie til mosjonister etter Idealtid, noen premier blir også trekt på startnummer. Premier rundt Ervikvatnet blir trekt på startnummer.
Pengepremier sponsa av Sparebanken Vest - stolt samarbeidspartner av Stadlandet IL.

IDA NJÅTUN - HURTIGLØP SKØYTER DELTOK I 2011

Ida Njåtun kjem frå Asker. Gjennom ein oppvekst med allsidige fritidsaktivitetar og gradvis meir målbevisst trening , vart ho i juni 2008 teken ut på NSF´s forbundslag. Sesongen 2010-2011 har vore den sesongen der ho verkeleg har debut i verdenstoppen. Vidare satser ho stort mot Sochi i 2014, og draumen, sier Ida, er så klart edelt metall. I år vert ho med mosjonistene gjennom løypa Stadlandet rett vest.

Påmelding Stadlandet Rett Vest 2011

Påmelding til Stadlandet Rett Vest 2011 kan du gjøre ved på gå inn på påmelding øverst på denne siden. Eventuelt send mail til mirjam@srr.no eller sms - ring 41542019.

STOR KIOSK OG SALGSBODER

I målområdet har vi kiosk med salg av varmmat. God plass til publikum. Nytt i år er salgsboder. Selje sport og fritid vil være der med gode tilbud på blandt annet saucony - joggesko.

STADLANDET RETT VEST LØRDAG 20 AUGUST 2011

Til alle glade fjelltrimløparar :) Stadlandet Rett Vest 2011 blir i år arr. laurdag den 20. august Vi har lagt løpet i år til etter ferien for å vere sikker på snøfri trasè! I fjor måtte vi som kjent lage ei alternativ løype då kulda og snøen gjorde den tradisjonelle løypa lite eigna som turløype. Det blir konkurranse klasse og tur klasse som vanlig. Set av dagen til verda vakraste fjelltrimløp!! Velkommen til Stadt.