|
|
|
Heimekamp A lag Stadt - Tornado/Måløy II er flytta til | [2012-05-17] OBS OBS ! Neste heimekamp som skulle vore spelt mandag 21 mai kl. 19.00 er flytta til fredag 15. juni kl. 19.00 på Stadlandet stadion.
|
Klubbgenser 2012 er klar for levering Stadlandet IL | [2012-05-09] I samarbeid med Chatlet sport 1 på Eid har idrettslaget kome fram til fylgjande klubbgenser for 2012. I Stadt fargane gul og svart.
Dette er ein UMBRO genser av høg kvalitet som tåler mykje bruk!
Du kan få kjøpt genseren ved å ta kontakt med Chatlet direkte.
Vil du ha namn trykt på genseren betaler du dette sjølv 
Slik ser gensaren ut og finnast i både voksen og barnestr.
|
Årets fyrste miniputt turnering gjekk av stabelen på søndag i Nordfjordhallen. | [2012-05-07] Nordfjordhallen var full av ivrige og forventningsfulle ungar i alderen 6- 10 år på søndag. Stadt deltok med mange lag og vi viste godt igjen i mengda med våre gule og svarte drakter.
Mange spennande kampar vart spelt og alle var godt fornøgde når premieutdelinga var over 
Neste Miniputturnering som Stadt skal delta på er under Seljecup helga 15-17 juni - meir informasjon kjem etter kvart.
Stadlandet skal sjølv arr. miniputt turnering søndag 26. august og det skal bli kjekt for alle laga til Stadt å få spele kampar på IL. si heimebane  |
LAURDAG 5. MAI. DET BLIR ARR. STADLANDET RETT VEST I FULL VANLIG LØYPE | [2012-05-05] Hei kan melde om sol og nesten blå himmel på Stadt i dag. 
Ingen vind! og kunn eit dryss med snø i løpet av morgen timane som vil tine vekk i løpe av kort tid.
Arr. er klar og vi gler oss til å starte Stadlandet Rett Vest 2012
Alle velkommen.
|
Stadlandet Rett Vest 2012 | [2012-05-01] Stadlandet IL har arr. turløpet Stadlandet Rett Vest sidan 2005.
Dette er blitt eit tradisjonsløp som fleire har som eit fast løp år for år!
I 2012 blir løpet arrangert laurdag 5. mai 2012 
Snøen ligg enno på fjella i Nordfjord men ikkje her ute ved havet.
Her er nesten all snøen vekk allereie.
Følg linken til venste på denne sida å gå inn og få meir informasjon om løpet og ikkje minst MELD DEG PÅ ! |
Årets fyrste heimekamp for Stadlandet Alag nærmer seg! | [2012-04-30] Søndag 6. mai er det klart for den fyrste heimekampen i årets sesong for herrelaget vårt.
Karane ynskjer å få ein god opning på heimekampane og Stadt har alltid vore vanskelig å slå på heimebane!
Denne gang er det Eikefjord som kjem til Stadlandet stadion for å spele kamp Vi ynskjer dei velkommen til Stadt og til ein spennande fotballkamp på søndag kl. 15.00 Kiosk/ Bill. Alle velkommen 
HEIA STADT!
|
Felles oppsett over alle serie fotballkampar på Stadlandet stadion i 2012 | [2012-04-30] Vedlagt ser de oppsettet over alle seriekampane i fotball i årets sesong.
Her er med både aldersbestemte kampar og serie kampar.
så her vil du finne mange gode grunner til å ta turen innom Stadlandet stadion og få gode fotball opplevelsar i vår og haust!
Vi vil ha kiosken open på alle kampar så det blir mulig å få kjøpe seg ein ettermiddags kopp med kaffi 
Sjå vedlegg under. | |
SERIESTART 5 DIV. HERRER I HELGA :) | [2012-04-28] A laget til Stadt opner serien borte mot Stryn II på søndag. Det blir ein spennande serieopning for 5 div.
Håper mange stadsarar tar turen til Styn stadion i morgon og støtter opp om Stadt karane !!
Vi håper på 3 poeng så klart 
1. heimekamp går på Stadlandet stadion søndag 6. mai så sett av den ettermiddagen til fotball
|
Blid fotballjente frå Stadt på cup i Nordfjordhallen :) | [2012-04-25] Snart er det klart for ny turnering for dei minste i alderen 6-10 år 
Skavøypoll IL byr inn til utandørs turnering 6. mai.
Dette som ei av 4 miniturneringar i regi av SFFK.
Håper dykk alle vil vere med |
Kongleriket miniputt turneringar 2012 Nordfjord | [2012-04-24] 2012 er det året Stadlandet IL endelig har fått muligheit til å stå som arr. av ei av kongleriket miniputt turnering for fotballkretsen! Dette er svært gledelig og Stadlandet skal vise seg tilliten verdig ved å arr. ei god turnering for ungane i alderen 6- 10 år. Stadt har ansvar for turneringsdato søndag 26. august Så har du born i idrettslaget så sett av denne dato i kalenderen for då blir det mykje gøy fotball for dei minste på Stadlandet stadion. |
Seriekamp J 11 Stadlandet - Sandane | [2012-04-22] Stadt jenter 11 opner sitt seriespel fotball i år med heimekamp mot Sandane på tysdag den 24. april kl. 18.00.
Gratis adgang kiosk 
Kom å sjå jente spele og støtt opp om laget på heimebane for fyrste gong!
Velkommen på kamp.
|
KLUBBDOMMER KURS - FOTBALL PÅ STADT | [2012-04-19] Kai Inge Fløde vil neste onsdag den 25. april kl. 17.30 ha klubbdommerkurs for interesserte i fotballen på Stadt 
Kurset vil gå over 2 timar denne kvelden og vil gje deg nyttig kunnskap om fotball. Aldersgrense 13 år.
Stadlandet IL treng klubbdommarar som kan dømme aldersbestemt serie på Stadt.
I år vil vi ha 4 lag med i serien i tillegg til Alaget.
Vi håper du kan tenke deg å vere med å lære meir om reglane i fotball og dømme kamper på Stadlandet Stadion etter kvart.
Ungdom som dømmer seriekampar på bana får betaling etter gjeldande satser.
For påmelding til kurset send SMS til 91317511 
|
Barnefotball kveld i Måløy 25. april 2012 | [2012-04-17] TMFK arr. i lag med SFF krets kurs for trenarar innen barnefotballen.
Naboklubbane er invitert. Har du muligheit til¨å reise og delta? kontakt forballgruppa med Chatrin Honningsvåg for reg.
Kurset går i tida 18.00 -2015 på Vågsøy ungdomskule 
| |
Mange lag frå Stadt med på Toyota cup 2012 :) | [2012-04-16] Stadt hadde med 7 lag i årets cup i Nordfjordhallen i helga 
Kjekt at så mange born frå Stadt fikk delta på laget sitt å spele fotball!
Fin deltaker premie til kvar enkelt 
Cuplaget til Jente 15/16 kom til bronsefinalen i cupen Eit resultat fotballgruppa var godt nøgd med. Synd det blei tap i den finalen, men ein 4. pl. er ein bra start på 2012!
|
Medlemsfest barn og unge i Stadlandet Idrettslag torsdag 12. april 2012 | [2012-04-10] Det blir også i år felles medlemsfest i idrettslaget. Torsdag 12. april er det klart for festen for fotball sesongen 2011 og handball sesong 2011/12.
Det blir utdeling av deltakerpremier til alle barn som har vore med i løpet av sesongen. Festen blir i grendahuset på Stadt.
Det vil om kort tid bli sendt ut invitasjonsbrev og arbeidsliste til heimane. | |
Stadlandet IL deltek i FAIR PLAY programmet til fotballkretsen | [2012-04-02] Idrettslaget har fokus på FAIR PLAY og har dei siste 2 åra deltatt i FAIR PLAY programmet til Sogn og Fjordane fotballkrets.
Sist veke var det samling på Skei for klubbane i fylket og heile 42 små og store klubbar deltok.
FAIR PLAY prinsippa skal bli ein naturleg del av drifta av idrettlaget på Stadt.
Viktig at både små og store i laget deler dei grunnleggande prinsippa i FAIR PLAY.
"Det handler om respekt ikke sant?" er eit kjent begrep henta frå FAIR PLAY.
Respekt for dei på laget, respekt for motstandarar, respekt for dommarar- fellesskap og idrettsglede- vennskap og utvikling 
Lær meir om FAIR PLAY- gå inn på fotball.no og klikk deg vidare til FAIR PLAY sidene der. |
Handball J12 deltar på Nordfjordcup i Stryn 27 -29 april | [2012-04-02] J12 Stadlandet skal også i år delta på Nordfjordcup i Stryn i slutten av mnd.
Det er J12 klassa som er desidert størst i cupen. Mange lag påmeldt - det er kjekt då spelar ein mot nye lag som ein ikkje kjenner frå før!
Vi ynskjer lykke til og håper det blir ei trivelig handballhelg i Stryn |
Ny overtreksdress Stadlandet IL | [2012-03-21] Umro har kome med ny modell av overtreksdress for 2012. Dette er ein dress i gult med svarte detaljer.!! Flott dress
Chatlet Sport 1 på Eid har denne dressen inne til ei kvar tid.
Som medlem av Stadlandet IL får du prosenter på kjøp av klubbdress. Trykking av Stadllandet IL på dressen er gratis annen trykking av namn osv. betaler du sjølv.
Umbro har ein god kvalitet som tåler vask etter vask
Ta kontakt med trener for ditt lag eller Chatlet direkte for bestilling.
|
Kjekt med cup :) | [2012-03-19] |
Kjekt med cup :) | [2012-03-19] |
Kjekt med cup :) | [2012-03-19] |
Treningskamp Stadlandet - Åheim fotball Alag laurdag 17. mars 2012 | [2012-03-14] På laurdag speler Stadlandet herrane sin 2. treningskamp for året. Denne gang mot Åheim.
Det blir eit spennande oppgjør på Stadlandet stadion og vi ser fram til nok ein god fotballkamp frå Stadt sitt mannskap!
Gratis adgang. Kiosk. Kampstart kl. 13.00
Alle velkommen 
|
Stadlandet deltar med heile 6 lag på Olivincup til helga! | [2012-03-14] Stadlandet il ved fotballgruppa deltar i Olivinhallen på cupen til Åheim IL med heile 6 lag i aldersbestemt fotball helga 16-18 mars 
Her blir det stor aktivitet med totalt 72 påmelde lag.
For informasjon om cupen gå inn på
og klikk deg vidare til Olivincup der 
LYKKE TIL alle som skal vere med !!
|
Aktiv helg for J 12 handball :) | [2012-03-12] Handballjentene til Stadlandet hadde ikkje mindre en 3 handball kampar denne helga. laurdagen spelte laget borte mot Sandane og klarte uavgjort med 4 -4
Søndag var det duka for sesongens siste heimekampar mot Breimsbygda og Fjellug Vereide Det blei eit knepent tap mot Breimsbygda 9 -11 og ein klar siger over Fj/V med 15 -6 
Godt jobba jenter!
Stå på i siste kamp borte mot Haugen den 17. mars. Kanskje det kan bli ein ny siger? |
Gje di støtte gratis til idrettslaget gjennom GRASROTANDELEN | [2012-03-08] Ved å registrere Stadlandet IL som mottaker av grasrotandel når du tipper så vil idrettslaget få overført støtte frå Norsk tipping. Du gjer det berre ein gong så ligg det lagra i systemet.
Dette utan at det koster deg noko!
Bli med å støtt opp om lokalmiljøet på Stadt!
Gratis til og med 
Terminoppsett 5. divisjon avdeling 2 2012 |
Stadlandet J 12 Heimekampar i Olivinhallen søndag 11. mars 2012 | [2012-03-07] Handballjentene til Stadt spelar sine siste heimekampar for sesongen i Olivinhallen på søndag.
1. kamp går kl. 12.55 Stadlandet - Fj./Vereide
2. kamp går kr. 14.50 Stadlandet - Breimsbygda
Kom å sjå Stadt jentene spele handball 
Støtt opp om laget og ta turen i Olivinhallen!
Bill . Kiosk.
Velkommen på kamp  |
Stadlandet IL avvikla årsmøte 29. februar 2012 | [2012-03-05] For å sjå dei nye gruppene i idrettslaget klikk på styret i venstre marg på sida |
Fotballkretsen arr. trener kurs i Selje 9 10 mars 2012 | [2012-03-02] Forbundet har lagt om trenerstigen for utdanning innen fotballen.
Grunnkurset C lisens DEL 1 blir altså arr. i Selje neste helg.
Har du ynskje om å lære meir om fotball treningar øvelsar holdning og verdier ta kontakt med Margareth for meir informasjon.
Vi håper Stadt stiller med mange deltakrar på kurset 
Kurset er sjølvsagt gratis og fristen for påmelding er 5. mars !!! |
Stadlandet A lag speler treningskamp på Stadlandet stadion laurdag 3 mars | [2012-03-01] Endelig er fotballsesongen begynt å nærme seg. Som tradisjonen tru skal Stadlandet også i år spele treningskamp mot våre naboer over fjorden Kvamsøy.
Det blir kamp på laurdag den. 4 mars kl. 16.00
Gratis inngang . Kiosk.
alle velkommen  |
Nye Handball kampar J 12 Stadlandet :) | [2012-02-02] handballjentene våre skal spele nye handballkampar den 11 og 12. februar 2012.
Laurdagen skal dei spele 2 kampar borte mot Stryn , Stryn 2. Kampane starter kl. 14.00 i Strynehallen. For Stadsarar og andre interesserte med hytter og campingvogner i Stryn- her er muligheita til å støtte opp om Stadtjentene på bortebane
Søndagen den 12. speler så jentene 2 heimekampar i Olivinhallen.
Mot Sandane kl. 12.00 og Haugen kl. 14.00 Ta turen til Åheim og støtt opp om handballen på Stadt !! |
Oppstart av ekstra fotballtrening for guttar 8,9 og 10 år torsdagar | [2012-02-01] Det blir oppstart av ny fast fotballtrening for gutter 8,9 og 10 år på torsdagar kl. 18.00- 19.00 på stadlandet stadion.
ansvarlig trener/koordinator vil vere Margareth.
Vi ser at andre klubbar har tilbod om fleire faste treningar en ein gong i veka for sine born så vi ynskjer å kome med tilsvarande tilbod her på Stadt 
Vi vil vere ute å trene så sant så det ikkje kjem snø er det snø må vi berre vente ei tid til den fer vekk. Gymsalen er ikkje ledig denne tida. Men er det fritt for snø blir det altså fotballtrening for 8,9 og 10 åringane på torsdagar seks til sju i tida framover
Skal handballen ha trening i Olivinhallen er dette torsdager og då bytter vi berre aktivitet! |
Tilbod om fotballeik/ trening på Stadlandet stadion laurdagar kl 12.00 -14.00 | [2012-01-28] Det blir tilbod om tilrettelagt fotballeik/ trening på kunstgrasbana kvar laurdag frå kl. 12.00 -14.00 
Idrettslaget stiller med utstyr og voksen person tilstades på bana.
Vi starter opp litt forsiktig og ser om det er eit populært tiltak så kan fotballgruppa evt. bygge på det etter kvart!
|
Bilde frå handballcupen som Stadlandet IL arr. i desember 2011 :) | [2012-01-27] Endelig eit bilde på framside frå handballdupen som Stadlandet iL arr. i Olivinhallen i desember
Fleire bilder finn du under menylinja BILDER av glade handballspelarar oppe på denne sida  |
God laginnsats av Stadlandet på Sparebanken Vest cup 22. januar :) | [2012-01-23] Stadlandet hadde med 2 lag på cup i helga. Gutter 7 og 8 !
Begge laga spelte 3 kampar kvar og gjorde ein kjempe god innsats !
Mange stolte foreldre var med og heia på laget og gutane viste mykje bra fotball GØY
Her er bilde frå dagen andre bilder finn du under bilder oppe på menylinja! |
Stadlandet Rett Vest 2012 | | [2012-01-19] |
J 12 handball har dobbel kamp i Olivinhallen 14. januar kl. 14.00 og 16.00 | [2012-01-12] Handballjentene våre skal på ny i ilden og denne helga skal dei møte Stryn I og II til spennande heimekampar i Olivinhallen 
Vi går for seier !! og gler oss til å sjå jentene spele handball
Bill. og Kiosk.
Velkommen inn å støtt opp om laget  |
Grasrotandelen Husk å støtt Stadlandet IL når du bruker spelekortet ditt :) | [2012-01-12] Er du ein av dei som enno ikkje har fått registrert ein grasrotmottaker på spelekortet ditt??? i såfall kan du enkelt og gratis få ordna dette neste gang du skal spele lotto, tippe osv.
Du gir berre beskjed om at du vil støtte idrettslaget så finn personalet fram rette nr enklare kan det knapt bli å støtte. HUSK det er faktisk gratis for deg! og skaffer idrettslaget ei viktig inntekt. |
Idrettslaget ynskjer velkommen til alle barn og unge som vil vere med i idrett :) | [2012-01-12] Idrettslaget vil gjerne ha med fleire aktive barn og unge til å drive idrett 
Gjerne også voksne som vil vere med å trene eller vere hjelparar.
Vi er mange men har plass til fleire !
Vi har tilbod i handball og fotball har lag i mange klasser og har treningar i gymsal, på kunstgrasbane eller i hall 
Reiser på cupèr og turneringer når det passer!
Ta kontakt med Margareth Leivdal eller Tone Drage om du vil ha meir informasjon. |
Zumba tek til i dag i Stadlandet grendahus :) | [2012-01-09] Vi starter opp att med Zumba i kveld i grendahuset!
Ta fram joggeskona å bli med kl 20.00 |
Stadlandet idrettslag ynskjer alle våre medlemmer, trenarar og sponsorer ei god jul og eit godt nytt år ! | [2011-12-23] Vi takker for samarbeidet i 2011. |
Stadlandet IL arr. minihandballturnering i Olivinhallen 10 desember | [2011-12-19] Handballgruppa til Stadt fikk tildelt ei av 4 minihandballturneringar av handballkretsen og den samla 30 lag frå heile Nordjord i Olivnhallen 
Vi hadde ein kjekke dag i lag både små og store handballentusiaster!
Kjekt at det var eit stort publikum tilstades i hallen for å følge laga!
Takk til våre dommarar, foreldre som stilte opp å hjalp til med arr. og trenarar frå Stadt som fylgte sine lag på turneringa Tusen takk for innsatsen.
Vi takker og vår samarbeidspartner Sparebanken Vest for premiane som vi fikk til utdeling til ungane  |
Utdeling av markeringar for Alaget sesongen 2011 | [2011-12-04] Under julebordet i går kveld på Furebuda vart det delt ut markeringar for spelarar på Alaget til Stadlandet for sesongen 2011.
Ein fin gjeng på over 30 stykker hadde ein kjekke kveld på buda i går 
Desse fikk prisar for 2011:
Årets spelar: Sigve Røkås
Årets Toppscorer: Kai Arne Otneim
Årets unge spelar: Andreas Losnegard
Årets mål: Jan Egil Skotte
Årets fair play spelar: Sigve Røkås
I tillegg vart det delt ut markeringar til trenar Odd Helge Losnegard, oppmann Jarle Leikanger og for Kai Inge Fløde som er Stadlandet IL. dommar i serie.
For fleire bilder sjå under fana BILDER oppe og velg julebord 2011  |
Stadlandet IL arr. mini handballturnering laurdag 10 desember for Nordfjord | [2011-12-03] Handballgruppa vår arr. minihandballturnering i Olivinhallen laurdag den 10. desember Dette blir ein dag med handball frå morgon til kveld !!
Glade ungar og mange kampar. Det er ei krets turnering slik at oppsettet er det kretsen som gjer.
Vi ber foreldre i handball sette av dagen her blir det mykje gøy og litt arbeid.
Arbeidsliste vil kome ut.
Dette blir kjekt !!  |
Sogn og Fjordane fotballkrets treng fleire dommarar i fotball !! | [2011-12-01] Det er behov for fleire fotballdommarar som kan tenke seg å gå kurs og dømme seriekampar i fylket.
Har du interesse av fotball og kan tenke deg å ta utdanning som dommar? Ta kontakt med fotballgruppa i idrettslaget Vi vil gjerne ha deg med på laget !! 
Det er lærerikt å vere dommar samt krav om god fysisk form.
Idrettslaget er med og dekker kostnader til kurs samlinger osv. om DU har lyst til å delta 
|
Idrettslaget gratulerer Audhild Losnegard med S&F Fotballkrets Blå diplom 2011 | [2011-11-22] Under fotballtinget i Førde i helga mottok Audhild Losnegard kretsens Blå diplom for hennar lange arbeid for Stadlandet idrettslag.
Dette er ein utmerkelse som heng høgt i fotballen.
Idrettslaget gratulerer Audhild med velfortjent diplom. |
BINGO i Stadlandet grendahus fredag 25 november 2011 kl. 19.00 | [2011-11-21] Idrettslaget og grendahuset arrangerer BINGO no fredag den 25. november 2011 i matsalen i grendahuset.
Møt opp i god tid slik at vi er klar til å begynne å spele presis kl. 19.00. Vi flytter BINGOEN fram ein time så det ikkje skal bli så seint! Som vanlig kiosk og salg av expressbingo og 21.
(ps dette blir ein av siste bingoar før nyttår.)
Flotte pengepremier!!
Alle velkommen |
Ein seier og eit tap for Stadt handball J 12 | [2011-11-21] Det vart ein seier og eit tap for Stadt laget J 12 i går på søndag i Olivinhallen.
Stadlandet slo Bremanger men tapte for Eid desverre.
Vi håper på ny seier til neste kamp 
|
J 12 Heimekampar i Olivinhallen 20.11. 2011 | [2011-11-17] Handballjentene til Stadlandet spelar sine heimekampar neste helg den 20. november. Fyrste kampen går kl. 12.00 mot Bremanger IL deretter står Eid IL som motstander i kamp nr. 2 same dag 
Her blir det full fart i Olivinhallen denne ettermiddagen med mange spennande handball kampar !! KOM å støtt laget ditt og sjå kor flinke jentene er blitt  |
Stadion skilt på plass i dag :) | [2011-11-17] I dag kom skiltet nede ved fylkesvegen som viser veg til stadion på Stadt endelig på plass 
No vil det vere veldig enkelt for nye lag og andre, å finne vegen til vårt eminente Stadlandet stadion !
|
Konkurranse Klubben i mitt hjerte 2011 | [2011-11-11] Også i år arrangeres konkurransen Klubben i mitt hjerte Stadlandet IL har vore høgt oppe på listene her kvart år og det er vi stolt av! I år kan det vere vår tur å vinne store pengepremier !! Då er idrettslaget avhengig av at DU stemmer via dagbladet sine sider
Linken er http://www.dagbladet.no/klubben
Denne skiv du inn oppe i feltet og så fyller du inn stadlandet og leiter opp ditt idrettslag og stemmer 
Gratis !!!
Perioden pågår i frå 12 november til 25 november 2011
Du kan stemme ein gong pr. dag  |
KULTUR NATT i Selje kommune fredag 11.11.2011 frå kl. 17.00 | [2011-11-06] Her blir det eit stort og flott program Idrettslaget legge til rette for mange aktivitetar på kulturnatt for Nordfjord 11.11.11 Det blir aktivitetar for små og store på stadlandet stadion, gymmsal, i skulen ellers, ballbinge og i klubbhuset. Det vil bli fotball, handball, open gymmsal for dei minste.
Det vil også vere open kiosk med salg av burger, vafller, kakao og kaffi++
Arangemanget vil vere slutt kl 19.00. håpar du tar med deg borna, godt humør og kjem å blir med! dette blir stas! |
Stadlandet IL gratulerer Ida Njåtun som Norgesmester på skøyter2011 | [2011-11-05] Gratulerer Ida med ein fliott innsats i Norgesmesterskapet på fredag med seier på: 500 m med tida 40.44
1000 m på 1.19.77 , 3000 m 4.20.57 og faktisk også 1500 med 2.02.29
Vi takker for besøket på Stadt i august og håper det kan bli eit nytt besøk og ny deltakelse på Stadlandet Rett Vest ved eit anna høve
|
Klubbkveld i klubbhuset jenter 6 - 10 onsdag 2. november 2011 | [2011-11-02] Hei det blir klubbkveld for jentene (som trenar handball torsdagane i gymsalen) i klubbhuset på onsdag kl. 18.00- 19.30. 
Det blir litt mat og mykje gøy å finne på i klubbhuset ! Alt er gratis.
Håper alle kan kome å bli med 
14 jenter var med og her er nokon av dei fotografert på festen  |
Klubbkveld for guttane 6-9 år i klubbhuset, 01.11.11 | [2011-11-01] Stadlandet IL inviterer til klubbkveld i klubbhuset tysdag kl. 18.00-19.30. 01.11.2011
No kan vi endelig samlast i klubbhuset til ein kveld med mykje kjekkt, det blir mat, sosialt, aktivitetar/quiz og mykje artig. Det er berre å komme rett i klubbhuset etter trening som sluttar kl 18.00 Alt er gratis so det einaste du treng å ta med er deg sjølv , snakkast på tysdag!
|
Instruktørkurs fotballtrenarar for born og unge på Stadt søndag 30. oktober kl. 16.00 | [2011-10-27] I samarbeid med fotballkretsen blir det instruktørkurs på Stadlandet stadion søndag 30. oktober frå kl. 16.00 . Instruktør blir Per Are Verlo frå SFFK Er du ein av trenarane i Stadlandet IL. på fotballsida må du sette av søndag ettermiddag til kurs. Kurset går over 3 t med ei kort teoriøkt og så ut på bana og prøve øvelsane på ungar Vi vil ha inn fotballspelarar sjølvsagt både gutar og jenter i alderen + - 12 år som skal vere med å vise øvelsane som vi har hatt teori om 
Borna som skal vere med å vise øveingane møter på stadion på søndag kl. 17.20. |
Ny flott seier for handball jentene våre J 12 :) | [2011-10-23] J12 handball laget til Stadt var i går på Sandane og kom heim med ein flott 8-6 seier!! Vi gratulerer laget med ein strålande seriestart
To seierer av to mulig ! HANDBALL er GØY |
Opne treninger i fotball for jenter fødde i 99, 98, 97,96 og 95 :) | [2011-10-18] Idrettslaget ynskjer at fleire jenter på Stadt skal få vere med å trene fotball framover vinteren så lenge bana er GRØN 
Vi trener mandager 19.00 - 20.30 og fredager 18.30- 20.00
Chatrin er trenar til laget og dei har gode treningar og mykje moro i lag
Har du lyst til å ta på deg fotballsko å vere med ? ein eller begge dager ? så møt opp på bana på fredag og bli med du og 
|
Hospitant Stadlandet IL. veke 43 og 44 :) | [2011-10-18] Daniel Dalsbø vil vere hospitant hos idrettslaget i desse 14 dagane.
Han vil ta del i drifta av idrettslag både på den admininstrative og den praktiske sida. Han vil og vere sentral i planlegging av aktiviteter rundt den 11.11.2011 ( kulturnatta i Nordfjord) Dette vil foregå på Stadlandet stadion og gjerne i gymsalen 
Styret i idrettslaget er glade for at Daniel har valgt å ha sin praksis hos oss på Stadt og ynskjer han velkommen  |
Zumba mandag 17 oktober kl. 20.30 i grendahuset :) | [2011-10-16] Zumba blir som vanlig i grendahuset mandag 17. oktober kl. 20.30 -21.30 Alle velkommen !!
Er du ny og vil trene Zumba ta kontakt med Audhild for registrering 
|
Handball trening for 6 år og oppover :) | [2011-10-16] Informasjon til foreldre : No etter haustferien starter vi opp med å trene på handball for barnegruppene frå 6 år og oppover. ( barnetrimmen)
Vi skal ta del på nokre kjekke handballcup er no før og etter jul i lag med dei andre idrettslaga i kring oss Meir info. om dette kjem etter kvart.
Håper alle blir med vidare og at kanskje nye ungar vil vere med framover å lære meir om handball
Handballskulen i vinterferien var ein suksess og det viste oss at handball kan ein delta på sjølv om ein ikkje har grunnlag- vi lærer ungane dette etterkvart og ungane syntes det var kjempe GØY
Er du ny og har du lyst å vere med å trene og aktivisere ungane, ta kontakt |
BINGO søndag 16. oktober 2011 | [2011-10-11] Idrettslaget prøver med ettermiddags BINGO i Stadlandet grendahus fyrstkomande søndag 16. okt. kl. 17.00
Vennligst møt opp i god tid slik at vi er klar til å starte presis kl. 17.00 
Salg av 21 og ekspressbingo i pausen!
Kiosk. Alle velkommen 
|
J 12 handball heimekamp i Olivinhallen 30.oktober kl. 13.00 | [2011-10-05] J 12 handball laget til Stadt skal ha sin fyrste heimekamp for sesongen 30. søndag oktober kl. 13.00
Minner om dette alt no då det er snart haustferie og vekene går for denne mnd Set av ettermiddagen og støtt opp om handballen på Stadt!
|
Alaget er klar med 3 plassen på tabellen for 5 div. avd. 2 2011 | [2011-10-03] Herrane frå Stadt har inntatt 3 plassen i årets 5 div. 
Bak Skavøypoll og Florø 2.
GRATULERER med ein godt gjennomført sesong til alle på laget og ikkje minst til trenar Odd Helge og oppmann Jarle som har jobba med laget gjennom heile sesongen!!
Mange spennande kampar har vore spelt på vår eminente Stadlandet stadion og anlegget treng no berre betra publikumsfasiliteter så er vi over i ei rein driftsfase og kan legge vekk drill og malerkost for ei stund 
Heia Stadt! |
Sonesamling 1997 fotball | [2011-10-01] Stadlandet IL har med 2 stk. 97 spelarar frå J 15/16 på sonesamling i fotball i dag.
Spennande å sjå om Malin Stave og eller Ida- Elise Leikanger kan kome seg vidare til sonelaget for Nordfjord Vi krysser fingrane og håper på uttak !!
|
Siste heimekamp for Alaget søndag 2. oktober | [2011-09-27] Stadlandet spelte ein god kamp sist helg borte mot Eikefjord og no i helga er det på ny klart for fotballkamp på Stadlandet stadion. Motstander denne gang er Sandane 2
Vi har god tru på heimeseier i denne kampen men det vil vere viktig at publikum møter tallrikt fram og støtter laget på søndag. Alaget kjemper om 3. pl. på tabellen for i år !!
Heia Stadt husk : Kampen begynner kl. 14.00 denne dagen !! |
Siste heimekamp for J 15/16 på Stadlandet stadion | [2011-09-26] Stadt`s fotballjenter i 15/16 års serien har sin siste heimekamp for denne sesongen på stadion mandag 26. september.
Denne gang møter laget Jølster!
Møt opp og støtt laget på heimebane Kampstart kl. 18.00
Kiosk. |
Flott seier til J 12 i Bremanger i helga!! | [2011-09-25] J12 laget i handball til Stadt for til Bremanger i går og vann kampen 12-11 i ein spennande kamp 
Viktig for jentene å få ein god start på sesongen. Trening er trening og kamp er kamp Håper foreldre og venner stiller opp for jentene og laget i sesongen framover. Heia Stadt  |
Seriestart for handball jentene til Stadt J 12 i helga | [2011-09-22] Stadt jenter 12 år starter opp handballsesongen i helga. Dei har bortekamp mot Bremanger Det blir spennande å følge laget i haust og vinter !
Vi har stor tru på denne gjengen og ynskjer dei lykke til i sesongen
Heia Stadt! |
BINGO i Stadlandet grendahus fredag 23. sept. kl. 20.00 | [2011-09-20] Det blir BINGO i grendahuset på fredag kl. 20.00.
Skal du delta så møt opp i god tid og få kjøpt blokker slik at vi er klar til å begynne kl. åtte 
Pengepremier og salg av mat kaffi / lynbingo og 21 i pausen
1000,- kr. i hovedgevinst.
Alle velkommen  |
Innsamlingsaksjon til Redningsselskapet i veke 38 | [2011-09-19] Handballgruppa i Stadlandet IL. bistår også i år med innsamlingsaksjon for Redningsselskapet. Det foregår denne veka. Dei som går skal ha blomberte innsamlingsbørser og ID.kort Vi takker for det dykk vil gje til ei viktig sak.
|
Siger 3 -2 over Selje på Stadlandet stadion | [2011-09-18] Ein arbeidsseier over Selje heime på stadion i dag 
Mykje publikum frå begge lag skapte ei fin ramme rundt kampen.
|
Seriekamp Stadlandet - Selje på Stadlandet stadion søndag 18. sept. | [2011-09-14] Alaget møter Selje til heimekamp på Stadlandet stadion søndag 18. september kl. 15.00 Vi håper på stort publikumsoppmøte på stadion også på denne kampen. Dette er nest siste heimekamp for Alaget denne sesongen.
Alle velkomne 
Bill. Kiosk |
Ikkje betalt kontigent til idrettslaget ?? | [2011-09-14] Melding frå styret:
Dersom du ikkje har betalt kontigent til Stadlandet idrettslag for ditt barn for 2011- så kan barnet ikkje delta for Stadlandet under helgas miniturnering i fotball i Nordfjordhallen.
Er du i tvill om du har betalt? ta kontakt med kasserer Audhild Losnegard for å sjekke ut kva som er reg. av innbetalingar. |
BINGO starter opp igjen fredag 9. september kl. 20.00 | [2011-09-08] Fredag er det på ny klart for bingo i grendahuset på Stadt 
Vi arr. i lag med styret i grendahuset og no begynner bingosesongen framover hausten!
Vi har som de kjenner til pengepremier på alle rekkespela og hovedgevinsten er kr. 1000,- for 3 rekkers bingo på siste spelet Viktig at de kjem tidleg slik at vi er klar til å spele kl. 20.00
I pausen salg av ekspressbingo også her pengepremier og 21.
Velkommen.
Kiosk. |
Heimekamp mot Skavøypoll søndag 4. september kl. 15.00 | [2011-09-03] Det er klart for ein ny viktig kamp på Stadlandet stadion. Alaget møter Skavøypoll til ein storkamp søndag 4. sept. kl. 15.00.Dette blir kamp om viktige 3 poeng!! 
Stadlandet har spelt seg opp etter ferien og er klar til ny duell på fotballbana.
Synd at det er litt dårlig veir men det brukar ikkje å stoppe supporterane frå Stadt!. Vi må godt over 100 også på denne kampen 
Alle velkommen
Bill kiosk. |
Alaget styrker på ny stallen føre innspurten på haustsesongen | [2011-09-01] A laget til Stadt har fått klar 2 nye spelarar for haust sesongen 2011.
Øyvind Bakkebø og Arne Bentsen Refsnes er klare for seriespel for Stadt 
Kjekt at nye spelarar går inn i spelarstallen til Alaget !!!
Vi har mange viktige kamper igjen å VINNE.
Søndag 4 . september møter Stadlandet Skavøypoll til seriekamp på Stadlandet stadion kl. 15.00 Møt opp på stadion og støtt laget i kamp mot serieledaren Vi går for 3 poeng så klart 
Alle velkommen
Bill. Kiosk. |
Stor Zumba interesse også på Stadt :) | [2011-08-31] Kjempeflott at så mange kan tenke seg å prøve Zumba som treningsform !! Full gymsal på mandag og mange damer i alle aldre svinga seg til Yvonne sin rettleiing. Feiande flott musikk som i tillegg til trening gir GLEDE og humør som vi veit og er helsebringane Stå på damer dette blir bra !! |
AVLYST miniturnering på Haugen stadion i dag | | [2011-08-28] Haugen IL. har ringt i dag og meldt at turneringa desverre er avlyst!!! |
NYE treningstider i gymsalen på skulen frå og med mandag 29. august 2011 !! | [2011-08-27] Klikk på vedlegget her så finn du dei nye tidene for dei ulike aktivitetane som skal vere i gymsalen i haust  | |
Barn hjelper barn i regi av idretten :) | [2011-08-26] Trenarar Eli og Camilla og spelarar på minilag til StadlandetIL. har deltatt i prosjektet " barn hjelper barn" og steikt vaffel og seldt kaffi og kaker i korsen til inntekt for barn i andre land. Dei gjorde ein fin jobb og fikk inn mykje pengar som går uavkorta til born som treng nødhjelp.
Eit godt initiativ frå laget og takk til alle som støtta opp om aksjonen! |
NYE treningstider frå mandag 29. august i gymsal og på bana | | [2011-08-26] |
Endelig - Zumba på Stadt !!:) | [2011-08-22] Yvonne Engebretsen har vore på instruktør kurs i Zumba i Bergen i sommar. Dette er eit samarbeids prosjekt med bruk av folkehelsemidlar til Selje kommune samt dekning av Stadlandet IL.
Neste veke startar Yvonne opp med Zumbatimer i gymsalen på Stadlandet oppvekstsenter mandager kl. 20.30 -21.30 
Velkommen alle som vil delta på trening for heile kroppen. Zumba passer for både damer og menn i alle aldre og fasonger. Her er det berre å leite fram treningskle og bli med !! |
Alags kamp Stadlandet mot Florø II Stadlandet stadion søndag 21. august | [2011-08-20] Stadlandet møter Florø II i haust sesongens1. heimekamp 
Dette blir ein tett og spennande kamp på stadion.
Vi håper på mykje publikum som kan støtte heimelaget vårt på søndag . Kampstart kl. 15.00
Alle velkommen
Bill. / kiosk |
Stadlandet Rett Vest løpet arrangeres 20 august 2011 | [2011-08-17] For å finne informasjon om løpet som går frå Dragseidet laurdag 20. august klikk på "Stadlandet Rett Vest logo" her i venstre marg og kom inn på fine sider med informasjon om løpet, påmelding og fine bilder frå tidlegare løp  |
NYTT av året flotte T skjorter med Stadlandet Rett Vest trykk til salgs! | [2011-08-14] I år har idrettslaget flotte T skjorter med Stadlandet Rett Vest trykk til salgs i forbindelse med arr. Stadlandet Rett Vest laurdag 20. august 
Kan kjøpast ved start på Dragseidet og i målområdet!
|
Fredag 19. august Foredrag med Ida Njåtun i klubbhuset kl. 20.00 | [2011-08-10] Ida Njåtun er på Stadlandet i forbindelse med Stadlandet Rett Vest løpet laurdag 20. august. Fredagskvelden inviterer Stadlandet IL i samband med Stadpipe til foredrag for idrettslagets medlemmer med Njåtun i klubbhuset kl. 20.00. Enkel servering.
Tema for foredraget er trening, helse og kosthald Viktig for mange uansett kva nivå ein ligg på idrettsmessig. Foredraget er gratis og ope for medlemmer av Stadlandet IL.
For dei som ikkje er kjend med Njåtun er ho Norges største talent i kvinnelig skøyteløp! Ho har alt teke fleire internasjonale medaljer og er på landslaget og deltaker i komande mesterskap
Set av dato og tid alt no! |
Stadlandet Alag opner haustsesongen borte mot Hornindal søndag 7 august | [2011-08-06] Då ruller fotballen vidare i serien i fylket og Stadt reiser i morgon til Honndalen for å spele fotball 
Det blir ein spennande kamp Honndalen viste gode takter før ferien men Stadtserane skal gjere sitt ytterste for å ta seieren med heim att !!
Kampen går kl. 15.00 Ta ein søndagstur til Honndalen og støtt laget vårt  |
FAMILIE OG BARNEVENNLEG TUR RUNDT ERVIKVATNET | [2011-08-01] Påmelding og start for løypa rundt Ervikvatnet: OBS!!!Start og påmelding ved Ytre Stadlandet Grendaskule i Ervik.
Kl. 12.00 til kl. 13.00Morsomme og lærerike spørsmål undervegs i løypa.
|
BUSSAVGANG | [2011-08-01] Fra parkering ved kyrkja til start:
kl. 09.30 og kl 10.00
Buss fra målområdet og til parkering går rett etter premieutdeling kl. 15.00 |
DRIKKESTASJONER VED START, MIDTVEGS I LØYPA OG VED MÅL | | [2011-08-01] Buss og drikke er inkludert i startkontigent |
MOSJONISTER | [2011-08-01] Registrering og utdeling av startnummer for mosjonister ved vikingtunet på Dragseidet:Kl. 9.00 til kl. 10.30
Mosjonister som går på tid starter kl. 11.00Mosjonister som ikke går på tid startar mellom kl. 10.00 og kl. 10.45
Det er mulighet for dusjing i målområdet. Bagasje kan leggast i bussen ved start.
|
KONKURANSEKLASSEN | [2011-08-01] KlasseindelingDamer: 13-17, 18-24, 25-39, 40-49, 50-59, 60+
Herrer: 13-17, 18-24, 25-39, 40-49, 50-59, 60+
Registrering og utdeling av startnummer for konkurranseklassen ved vikingtunet på Dragseidet:Kl. 9.00 til kl. 11.30Bagasje kan legges i bussen ved start. Det er dusjmuligheter i målområdet. |
Mange fine premier - Pengepremier | [2011-08-01] Nytt av året er pengepremie for eventuelt ny løyperekord for dame og herre i konkurranse.
Premien er kr. 2000,- Er det ingen som slår rekorden akkumulerer pengepremien seg til neste år 
Pengepremie også til de tre beste i dame og herreklassen. Kr. 1000,- kr. 500 og kr. 250,-
Hovedpremie til mosjonister etter Idealtid, noen premier blir også trekt på startnummer.
Premier rundt Ervikvatnet blir trekt på startnummer. |
IDA NJÅTUN - HURTIGLØP SKØYTER |  Ida Njåtun [2011-08-01] Ida Njåtun kjem frå Asker. Gjennom ein oppvekst med allsidige fritidsaktivitetar og gradvis meir målbevisst trening , vart ho i juni 2008 teken ut på NSF´s forbundslag. Sesongen 2010-2011 har vore den sesongen der ho verkeleg har debut i verdenstoppen. Vidare satser ho stort mot Sochi i 2014, og draumen, sier Ida, er så klart edelt metall. I år vert ho med mosjonistene gjennom løypa Stadlandet rett vest.

|
Påmelding Stadlandet Rett Vest 2011 | [2011-08-01] Påmelding til Stadlandet Rett Vest 2011 kan du gjøre ved på gå inn på påmelding øverst på denne siden.
Eventuelt send mail til mirjam@srr.no eller sms - ring 41542019. |
Hva er Stadlandet Rett Vest? | | [2011-07-29] Norges vakreste fjelltrim ble første gang arrangert i mai 2005. Fjelltrimløypen er 14 km. Det er tre klasser som deltar, mosjonsklassen uten tid, mosjonsklasse på tid og konkuranseklassen på tid. I tillegg til turen over fjellet, går det en barne og familievennlig løype rundt Ervikvatnet for de som ikke har mulighet til å gå så langt. Denne løypen er 5 km. |
Løypeinformasjon | [2011-07-29] Løypa startar på Dragseidet, staden der Olav Tryggvason kalla stormenn frå fire fylke til kristningsting i året 997. Her går også den gamle ferdavegen der folket i eldre tider drog båtane over eidet for å sleppe å sigle over Stadhavet
I starten går løypa oppover i moderat stigning.
Første toppen ein kjem til er Vardeberget, så flatar det litt av før ein tek fatt på stigninga mot
Grøyterøysa på 500 m.o.h. Vidare går løypa i kupert terreng utover fjellet. Terrenget har godt
underlag, men kan være litt myrete enkelte stader.
Undervegs har ein panoramautsikt både utover storhavet som slår mot fjæresteinene 400
meter rett under en, men også mot sunnmørsfjella, innover mot Nordfjord og mot Bremanger.
Det MÅ berre opplevast!
Turen går mot Langedalsnebba på 498 m.o.h. vidare til Solumskarura 506 m.o.h. og til
Mosekleivhornet som er den høgste toppen i fjellrekka på 540 m.o.h. Her kan du nyte ei
fabelaktig utsikt ned mot den kjende Hoddeviksanden og sjå korleis folk surfar på bølgjene
der nede.
Vidare går turen mot indre og ytre Molvikhornet, før ein nærmar seg nedstigninga. Sjølve
nedstigninga er utfordrande ettersom det er bratt nedover, men den har ei fantastisk utsikt mot
Ervik og vi kan absolutt anbefale å ta ein liten stopp for å feste den både til netthinna og til
kameralinsa.
For dei som konkurrerer på tid er løypa ei god utfordring.
Her er det berre å stille opp, og konkurranseinnstiktet iverksettast omgåande når startskuddet
går.
Stadlandet er ein stad der vi på ingen måte kan garantere for veret. Det er slett ikkje umuleg at
kvar enkelt må legge seg på vinden for å kome fram, men det kan bli spennande for nokon og
einkvar å måle krefter med naturen. På Stadlandet kan ein oppleve fire årstider i løpet av ein
fjelltur. I tillegg kan ein og anna tåkedotten flyge forbi, eller legge seg skikkeleg til. Derfor
har vi merka løypene godt og vi har folk som er plassert strategisk til rundt omkring. Røde
Kors vil også bli i området dersom nokon skulle trenge slik assistanse
Turen utover Stad er aldri lik to gonger. Det spesielle lyset her ute gjer at naturen endrar seg
kvar gong ein går i fjellet. I tillegg kan havet vise seg frå mange forskjellige sider.
Når turen er slutt og ein er komen i mål på Ytre Stad Grendehus, kan ein ta seg ein dusj og få
skifta klede.
Det vil også være ein kiosk med mulighet til å kjøpe litt mat.
Gode klede og godt med drikke er svært viktig. Vi har ein drikkestasjon underveg i løpet, og
ein ved start og mål. |
Familie og barnevennelig tur rundt Ervikvatnet | [2011-07-29] For dei som ønskjer ein lett tur, så vil vi anbefale å gå rundt Ervikvatnet. Denne turen passar
for dei som ikkje ønskjer dei store fysiske utfordringane. Stort sett flatt, men nokre mindre
småbakkar. Fin tur for små born og dei som vil betre kondisen sin.
Også i denne klassa vert det trekt ut premiar.
Vi vil legge opp til små naturbaserte poster i løypen. Dette er enkle oppgaver der heile
familien kan delta.
Alle som er med på løpet vil få medalje |
Helsing frå styret i idrettslaget | [2011-07-04] På vegne av styret i Stadlandet IL vil eg få takke alle som har stilt opp og hjelpt til med å gjennomføre Sommerfest på Stadt 2011 Mange timer med arbeid har vore lagt ned.
Ikkje minst må vi takke Ervik havfiske for at dei har stilt sitt område til disposisjon til å gjennomføre eit slikt stort arrangement.
Vi ynskjer og å takke alle som kom og deltok på sommerfesten i år og takk for alle gode tilbakemeldingar 
God sommar!! |
Sterk heimesiger i dag over Måløy Tornado 2 | [2011-06-24] Stadt sitt mannskap varta opp med mykje bra spel i dag og tok tidleg ledelsen 1-0 i fyrste omgang med eit flott mål av Asbjørn Losnegard. Dette vart også pauseresultatet. I andre omgang scoora Andreas Losnegard på eit godt plassert skudd Dette vart og sluttresultatet.
Også i dag fantastisk godt oppmøte på Stadlandet stadion. Over 100 stk. med stort og smått!
Alt no søndag 26. juni speler Stadt borte mot Sandane ta turen inn og støtt laget kampstart kl. 15.00 Dette blir siste kamp før ferien
HEIA STADT !!!! |
Alaget har heimekamp mot Tornado /Måløy 2 fredag 24. juni kl. 19.00 | [2011-06-21] Fredag 24. spelar Stadt heime mot Tornado / Måløy på Stadlandet stadion kl. 19.00. Vi ser fram til nok ein spennande kamp mot ein av våre naboklubbar
Møt opp og støtt Alaget i ein veldig viktig kamp for Stadt! Viktig for laget å kapre nye poeng. Alle velkommen. Bill. Kiosk |
Viktig heimesiger for Stadlandet i dag over Eikefjord | [2011-06-19] Stadlandet vann i dag 3 -2 over Eikefjord heime på Stadlandet stadion. Heimelaget opna klart best i 1. omgang og gjekk opp til ein tidleg leiing ved straffe Kenneth Honningsvåg og auka på deretter til 2 -0 til pause Eit flott mål av Sindre Otneim.
I 2. omgang kom Eikefjord meir med i kampen og det var sjanser til begge lag.
Eikefjordsmål kom på straffe. Seinare vart Sindre Otneim klart felt og det var ei klar straffe som Kai Arne Otneim sette i mål.
Eikefjord reduserte deretter seint i 2. omgang slik at slutt resultatet vart 3-2 til Stadlandet. 
Sjå bilder frå kampen ved å klikke på alaget i venstre marg og så velg bilder! |
Alagskamp på Stadlandet stadion søndag 19. juni kl. 15.00 | [2011-06-18] Stadlandet byr inn til ny fotballkamp på stadion på søndag den 19. denne gang er det Eikefjord som er motstander.
Møt opp og støtt laget i ein svært viktig kamp for Stadt Kiosk og billetter som vanlig Kampstart kl. 15.00 Alle velkomne!
|
Stadlandet G 15/16 Bilder frå turneringa på Stadlandet stadion 5. juni | [2011-06-18] Her er eit bilde frå turneringa resten finn du under guttelaget i venstre marg?
Kanskje det er bilde av deg?  |
Stadt deltar med 5 lag på Selje cup 2011 !! | [2011-06-09] Stadlandet IL ser fram til cupèn i Selje i helga med stor glede 
Vi har mange born som har venta på denne cupen med stor iver og som har trena lenge for å delta !!!
Vi ynskjer lykke til til alle små og store fotballspelarar og trenarar frå Stadlandet. Kos dokke på cup!
|
Stadlandet Alag fotball speler bortekamp mot Selje søndag 12. juni | [2011-06-07] Stadlandet møter Selje i ein historisk fotball kamp på Selje stadion fyrstkomande søndag den 12. juni KL 17.00
Møt opp i Selje for å støtte laget vårt og sjå ein spennande fotballkamp 
|
G 15/16 turneringsvertar på Stadlandet stadion søndag 5. juni 2011 frå kl. 13.00!!! | [2011-06-03] Gutelaget har sine fyrste heimekampar for sesongen på Stadlandet stadion søndag 5 juni 2011. Dette laget er rekrutteringslag for Alaget vårt -gløym ikkje det !
Denne dagen møtes lag frå heile fylket for å spele 7serie fotball mot kvarandre. to og to kampar vil gå samstundes. Spennande å sjå kor vi kan klare å hevde oss.
Arbeidsliste til foreldre vil bli delt ut. Mange spennande kampar blir spelt.
Kom å sjå kor Stadlandet vil hevde seg mot resten av laga i serien.Kiosk. Gratis inngang HEIA STADT
|
Heimekamp J 15/16 Stadlandet - Selje 31 mai kl. 19.00 | [2011-05-25] Jentelaget til Stadt møter Selje i lokalderby kamp mandag den 30. på Stadlandet stadion kl. 19.00 Kom å sjå laget spele god fotball!!
Kiosk. alle velkommen KAMPEN FLYTTA TIL TYSDAG 31. mai same tid. |
RADIO sending frå Stadt 24. mai | [2011-05-24] Hei
Grunna dårlige veir meldingar må vi ta radiosendinga frå lokala til Stadt kino 
Her er god plass til dei som skal vere med og til dei som vil vere publikum 
Ta turen men ver på plass til kl. 10.30 slik at alle er komne når vi begynner
Det var planlagt eit kort møte i kveld i åtte tida på furebuda for å gjennomgå sendingsplanen men det må gå ut. Mobilnettet er nede fortida så vi får ikkje gitt melding til alle om dette!
Det blir enkel servering i morgon og god stemning 
alle velkommen. |
Heimekamp J 15 / 16 mandag 23 mai kl. 18 15 på Stadlandet stadion | [2011-05-23] Jentelaget vårt møte Jølster heime på Stadlandet stadion mandag 23. mai med kampstart kl. 18.15 NB Ny tid.
Gratis inngang. Kiosk. alle velkomne til å sjå laget kjempe på ny om seier!! 
|
Ny dato for heimekamp Stadlandet IL. - Bremanger laurdag 21. mai | [2011-05-21] Seriekampen heime mot Bremanger er flytta til laurdag den 21. grunna at Bremanger ikkje kunne stille lag pga. konfirmasjonar på oppsatt kampdato.
Kampen går altså på Stadlandet stadion laurdag kl. 15.15.
kiosk. bill
Alle velkomne 
|
1 serie/cup runde spelt av G 15/16 i dag 14. mai | [2011-05-15] Guttelaget til Stadt var i dag i Eikefjord og spelte turnering.
Dei møtte Jotun, Aurland og Eikefjord.
Det vart 1 kamp uavgjort og 2 tap. Laget kjem sterkt tilbake ved neste turnering Vi skal stå på og trene enno meir så kjem resultata etter kvart.
Takk til Perry for at han tok ansvaret som trenar denne dagen.
|
NRK Sogn og Fjordane skal ha direkte sending frå Stadt tysdag 24. mai | [2011-05-15] NRK Sogn og Fjordane har takka ja til ein invitasjon til å kome til Stadlandet og lage ei lokalradiosending Den vil gå direkte frå Stadt / korsen tysdag 24. mai frå kl. 11.00. Det er Birger Meland som tek turen ut og lager topp lokalradio frå nettopp Stadt.
Stadlandet bedriftsforsamling sørger for gratis servering til alle som vil kome ned i korsen og vere med som publikom på sendinga Toppers.
Det blir ei 2 timers lang sending med mykje kjentfolk som skal delta.
Lokal musikk innslag skal vi og ha 
Meir info. kjem ut i løpet av neste veke, men sett av tysdags formiddag!! og møt opp. |
Signert oppvarmingsorkester til 2. juli Sommerfest på Stadt | [2011-05-13] PartyConsept frå Ålesund blir oppvarmingsband for Kurt Nilsen på Sommerfest på Stadt !!
Det er eit 2masnns orkester som speler topp musikk og vi er glade for at dei vil ta turen til Stadt og delta på vår sommerfest
Dei har stor spennvidde i sin musikk men spelar mykje rock, pop hits !!
I lag med Kurt Nilsen og hans band blir dette toppers  |
Alaget speler bortekamp mot Florø søndag 15. mai | [2011-05-13] Alaget speler bortekamp mot Florø på søndag kl. 15.00
Etter eit knepent tap på overtid sist helg må laget spele opp mot sitt beste og slå Florø på deira kunstgrasbane 
Her er det berre å satse for fullt Vi venter seier på 3 nye poeng !!!
Bilde: her mangler nokre spelarar. |
Siger til Stadt J 15/16 borte mot Florø :) | [2011-05-12] J 15/ 16 laget vårt i fotball har fått ein vanskelig start på sesongen med 2 tap i dei 2 fyrste seriekampane. I Går mot Florø løsna det for laget vårt og vi scora 5 mål borte mot Florø Vann kampen 5 -3 og innkasserte 3 velfortjente poeng.
Eit sterkt resultat på bortebane.
Vi ser fram til neste kamp heime  |
Seriestart A lag 5 divisjon Stadlandet- Hornindal søndag 1.mai kl. 15.00 | [2011-04-28] Då er årets fotball serie i gang for Alaget til Stadt
Stadlandet har hatt ein god treningsperiode i vår og har hatt gode og spennande treningskamper både borte og heime.
Nokre spelarar er vekke frå i fjor men vi stiller likevel med eit sterkt og solid lag. Søndag møter vi Hornindal heime eit lag vi har spelt jamne kamper mot tidlegare. Vi trur og håper sjølvsagt på heimesiger og ynskjer alle velkommen på Stadlandet stadion søndag kl. 15.00 !! |
Statuett for påmontering av årlige fjelltrim skilt frå Stadlandet IL | [2011-04-09] Trimgruppa i idrettslaget har i år bestilt inn ein flott statuett som skal vere for påmontering av dei årlige fjelltrimløpskilta, for dei som har gått på alle fjelltoppane på Stadlandet, som er med i fjelltrimmen. Statuetten er forma som ein vanndråpe i krystall. Pris kr. 380,-
Desse er for salg. Kontakt Audhild Losnegard ved kjøp.
PS ein må vere medlem i Stadlandet IL. for å få kjøpe statuett og merkeskilt.
Støttemedlemsskap er kr. 150,- pr. år. Enkeltmedlem er kr. 200,- og fam. medlem er kr. 500,-
|
Barnetrim/ leik i gymsalen for dei aller minste er flytta til fredager 17.00 - 18.00 | [2011-04-06] Idrettslaget flytter tida for trim og moro for dei aller minste ungane til fredager 17.00 - 18.00.
Barnegruppa treng tida på torsdager slik at trimmen for dei minste får ny dag |
A lag treningskamp mot Kvamsøy IL. på Stadlandet stadion laurdag 19 mars kl 15.00 | [2011-03-18] Fotballen ruller igjen ute på Stadlandet 
Året`s fyrste treningskamp for Alaget mot Kvamsøy går denne helga på laurdag kl. 15.00 på Stadlandet stadion.
Kvamsøy har eit godt lag men det har også Stadt så dette blir ein spennande kamp!!
Møt opp og støtt laget
Bill. Kiosk.
|
Årsfest for Alaget i Stadlandet fotball | [2010-11-28] Tradisjonen tru hadde Alaget sin sesong avsluttning på Furebuda med julebord i helga. Det var godt oppmøte i laget berre dei som var forhindra grunna arbeid var vekke. Nydelig mat fikk vi og det vart ein kjekke kveld på buda
Det vart delt ut markeringar for desse katogoriane:
* Årets unge spelar
* Årets mål
*Årets toppscorer
* Årets spelar
Kim Ole Rønning vart kåra til lagets unge spelar for 2010
Kenneth Honningsvåg fikk prisen for årets mål 2010
Kai Arne Otneim vart toppscorer for laget 2010
og Kai Arne Otneim vart også kåra til årets spelar 2010
Gåvekort vart utdelt til trenar og oppmann.
Etter ein kort juleferie er laget klar for ein ny og spennande sesong i 5. div.
|
Kennet Honningsvåg går til Stadt.. | [2010-01-15] Då kan eg komme med den svært gledelige meldinga om at Kennet Honningsvåg har gjett oss beskjed om at han vil spele for Stadt neste år..
Han har dei siste sesongane vore i Selje og spelt ei svært sentral rolle til tross for sin unge alder. Han har masse erfaring fra både 3 og 4 divisjon..
I fjor var han utlånt til Eid det første halve året, men desverre for Kennet vart han skada på si første trening..Det siste halvåret spelte han for Selje igjen
Kennet er en kjapp og energisk indreløpartype som vil passe meget godt inn med Stadlandet a-lag og dei spelarane vi allereie har.. Han er svært treningsvillig og helde et stabilt høgt nivå..
Vil ønske Kennet velkommen til Stadt og håpar og reknar med at han vil trives med oss 
Trener/keeper
Odd Helge Losnegard
|
MINIHANDBALLTURNERING | [2009-02-04] Stadlandet barnegrppe og handballgruppe arrangerer minihandballturnering i Olivinhallen lørdag 14 februar. 31 lag er påmeldt til turnering Det blir handballkamper heile dagen frå 09.30 til kl. 17.30 !!
Ta turen i hallen og sjå flinke ungar og god handball |
| Til alle som har lyst til å vere med på ballbingeturneringa
Vi ynskjer å få flest mulig lag med og har difor utvida påmeldingsfristen til torsdag 22.05.08 
Kom igjen meld på flest mulig lag det blir masse show og mykje morro !
send mail til
|
| Hardt/tøft for Stadlandet
Spel i ny divisjon har gitt vanskeleg motstand for Stadlandet sitt J14-lag.
Ole Magne Kvalsvik
Etter nyttår har Stadlandet sitt handballag i jenter 14 år vorte plassert i 1.divisjon avdeling 3. Medan det i haust var kampar mot lag som Bremanger og Fjellhug/Vereide, med om lag same utgangspunkt, er ein no i avdeling med til dømes Førde, Florø, Sogndal og Jotun, lag som har eit større spelarmateriell å ta av og ein tøffare treningskultur.
Trass i eiga spelemessig utvikling, møter ein no difor motstandarar som er litt sterkare, litt raskare og litt meir ballsikre. Så også mot Dale, som jentene møtte i Olivinhallen søndag. Dette er kanskje det laget i avdelinga som er mest på Stadlandet sitt nivå, men det synte seg fort søndag at dei var det vesle hakket over. Nokre tekniske feil av Stadlandet i starten av kampen gav også raske kontringar av Dale, som skaffa seg ei tremålsleiing. Stadlandet kjempa likevel godt og heldt seg jamt med Dale resten av kampen, men Dale beheldt leiinga dei hadde skaffa seg og vann 12-9.
Ein av skilnadene mellom laga var også Dale sin spelar Lisa Lykkebø. Stadlandet prøvde delvis å setje frimerke på henne, men ho scora likevel sju av Dale sine mål. Hos Stadlandet vart Marthe Stave mestscorande med fire mål. Laget manglar litt tempo og fysikk for å hevde seg i avdelinga dei no er plasserte i. Det fører og til meir tidsbruk og større reisekostnader.
– Vi må berre ta det med godt humør og gjere det beste ut av det. Det kan vere greitt å prøve seg mot tøffare motstand og jentene synest og det er kjekt å få reise litt lenger, seier laget sin oppmann, Mirjam Friberg.
FÅR BRYNE SEG: Plassering i ny avdeling gjer at Stadlandet møter sterke lag. Her har Tina Hoddevik komme seg gjennom Dale sitt forsvar. Til høgre ser vi Charlotte Stave og delvis gøymd midt på biletet Marthe Stave. I bakgrunnen ein spent Stad-benk og trenar Jan Sverre Hagen.
|
|
|
Søk på sidene
Webdesign: Innovare IKT AS
|